Miljølaboratoriet

Tilbake

Publisert 09.10.2013, oppdatert 20.12.2018 15:00

Stikkord: Laboratoriene, Miljølaboratoriet

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) sine miljølaboratorium har gode lokale med eigna instrumentering for å utføre målingar av ei rekkje forskjellige typar radioaktive stoff.

Prøvepreparering og måling av gamma emitterende nuklider på gammalab, samt elektrolyse av alfa emitterende nuklider og tritium (3H) analyser. Foto: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Prøvepreparering og måling av gamma emitterende nuklider på gammalab, samt elektrolyse av alfa emitterende nuklider og tritium (3H) analyser. Foto: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Laboratoria arbeider kontinuerleg med å etablere og utvikle metodar for å kunne møte dei krava som samfunnet stiller til slike målingar innanfor atomberedskap, forsking, overvaking og tilsyn. Laboratoria medverkar, bl.a. gjennom å delta i prøveinnsamling og målingar, til å skaffe til vegar data som blir nytta til å kartleggje og overvake radioaktiv forureining i norske land- og havområde.

Miljølaboratoriet er akkreditert for gammaspektroskopiske målingar, men utfører også kvalitetssikra målingar av isotopar av bl.a. plutonium, americium, polonium, uran, bly, radium og technetium.

Laboratoriet gjennomførte i overkant av 30 oppdrag i 2016 der til saman ca. 1500 gammaspektroskopiske og radiokjemiske analysar vart utført. Dei fleste målingane vert gjort innan etablerte marine- og terrestriske overvakingsprogram, i tillegg til overvaking av radioaktiv forureining i luft. Det blir også gjort ei rekke målingar innan både nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, og gjennom deltaking i internasjonale samanlikningsmålingar (SLP) for verifisering og kontroll av kvalitet på målingar.

Laboratoria er også deltakar i IAEA sitt ALMERA-nettverk (Analytical Laboratories for the Measurement of Environmental Radioactivity).