Beredskapslaboratoriet

Tilbake

Publisert 15.02.2016, oppdatert 20.12.2018 14:59

Stikkord: Laboratoriene, Beredskapslaboratoriet

Beredskapslaboratoriet ved Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har som oppgåve å sørgje for at det finst instrumentering, kompetanse og prosedyrar for å bestemme strålingsnivå, aktivitet og andre typar av oppgåver som er nødvendige ved ulike beredskapshendingar med radioaktive stoff.

Feltmålingar under beredskapsøving, luftprøvetaking ved IFE Halden, Strålevernet sitt mobile laboratorium. Foto: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Feltmålingar under beredskapsøving, luftprøvetaking ved IFE Halden, Strålevernet sitt mobile laboratorium. Foto: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Til dømes gjer vi målingar for å identifisere og kvantifisere ulike radioaktive stoff i eit eventuelt nedfall, heilkroppsmålingar av personer som kan ha radioaktivitet i kroppen, målingar av forureining av personar og utstyr som kan ha vore i nærleiken av radioaktivt materiale, måling av radioaktivitet i luft og analysar av radioaktive stoff. I arbeidet inngår det også kvalitetssikring av utstyr, deltaking i beredskapsøvingar og opplæring eller assistanse til andre aktørar. DSA er medlem av IAEA sitt ALMERA-nettverk (Analytical Laboratories for the Measurement of Environmental Radioactivity) og RANETT (Response and Assistance Network).

Beredskapslaboratoriet disponerer også eit mobilt laboratorium som raskt kan gjerast klart og transporterast med lastebil eller transportfly til ein eventuell ulykkesstad i Noreg. DSA har også to bilar som til dømes kan brukast til å søkje etter radioaktive kjelder eller kartleggje nedfall, og i tillegg eit detektorsystem som kan monterast i helikopter eller fly.