Produsert vatn

Tilbake

Publisert 15.02.2015, oppdatert 27.12.2018 13:12

Stikkord: Produsert vann, Radioaktive utslipp, Radioaktivt avfall, Utslipp og avfall

Ved produksjon av olje og gass følgjer det med formasjonsvatn frå reservoaret. Vatnet blir kalla produsert vatn og inneheld små mengder naturleg eksisterande radioaktive stoff som har leke ut frå berggrunnen.

Produsert vatn inneheld radium-226 og radium-228

Produsert vatn inneheld i første rekkje dei radioaktive stoffa radium-226 og radium-228. Det er førebels ikkje mogleg å reinse bort radiumisotopane. Konsentrasjonen av radium i produsert vatn er om lag 1000 gonger høgare enn i sjøvatn, men utsleppet blir raskt fortynna i vassmassane. 
 

Ulike utslepp frå ei oljeplattform. Illustrasjon: attgjeven med tillating frå MD

Ulike utslepp frå ei oljeplattform. Illustrasjon: attgjeven med tillating frå MD

Tillating til utslepp av produsert vatn

Oljeselskapa må ha tillating frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik for å sleppe ut produsert vatn med naturleg eksisterande radioaktive stoff.

Faktorar som bestemmer utslepp

Det er to faktorar som bestemmer kor mykje naturleg radioaktivitet som blir sleppt ut, konsentrasjonen av isotopar og mengda av produsert vatn. Konsentrasjonen varierer med produksjonsforhold, bergartane sin samansetnad og alderen på feltet. Produsert vatn frå Statfjordfeltet inneheld til dømes låg konsentrasjon av radium-226 og radium-228.

Volum av produsert vatn

Volumet av produsert vatn er avhengig av forholda i reservoaret og korleis produksjonen skjer. På til dømes Trollfeltet flyt oljen i reservoaret på lag av vatn. Feltet har stor utstrekning, og produksjonen skjer frå horisontale brønnar. Trollfeltet sitt formasjonsvatn har også relativt høge konsentrasjonar av radioaktive stoff. Trollfeltet, som ligg mellom 60 og 80 kilometer utanfor kysten av Hordaland, står dermed for om lag halvparten av dei totale utsleppa av radioaktive stoff frå verksemda på norsk sokkel.

Gassfelt produserer mindre vatn

Frå gassfelt blir det produsert langt mindre vatn, og utsleppa av radioaktive stoff frå slike felt er dermed mykje lågare enn frå oljefelt. Det er i første rekkje blyisotopen bly-210 som blir sleppt ut via produsert vatn frå gassfelt.

Utslepp i 2015

I 2015 blei det sleppt ut omkring 437 GBq og 391 GBq av høvesvis radium-226 og radium-228 frå plattformer i Nordsjøen og Norskehavet. Det produserte vatnet som blei sleppt ut, inneheldt om lag 3 becquerel per liter av kvar av dei to radioaktive stoffa.