Tilsyn med sjukehusa

Tilbake

Publisert 15.01.2014, oppdatert 21.12.2018 14:52

Stikkord: Stråleterapi

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) driv tilsyn med alle sjukehus som gjev tilbod om stråleterapi i Noreg. Det er viktig at sjukehusa har sikre rutinar og kvalitetssystem og at dei som jobbar med strålebehandling ikkje vert utsett for unødig stråling og risiko knytta til arbeidet sitt.
I Noreg har vi ei lovgjeving som skal sikre både pasienten, dei tilsette og publikum. Det er DSA si oppgåve å sjå til at sjukehusa har system som er i samsvar med lova og skal godkjenne alle verksemder som skal drive med strålebehandling. For at eit sjukehus skal få ei slik godkjenning, må sjukehuset oppfylle desse krava i strålevernforskrifta. DSA har utarbeidd ein rettleiar i stråleterapi (Veileder 6), med retningslinjer og meir utfyllande informasjon og rettleiing om korleis strålevernet skal takast i omsyn ved sjukehusa.