Individuelt tilpassa strålebehandling

Tilbake

Publisert 17.01.2015, oppdatert 27.02.2017 10:39

Stikkord: Stråleterapi

Strålebehandling er ei avansert, teknisk behandlingsform. Kvar pasient får sitt eige skreddarsydde behandlingsopplegg ut frå sin diagnose og sjukdomstilstand.

Foto: Nuttawut Yeenang/Shutterstock

Foto: Nuttawut Yeenang/Shutterstock

Behandlingsplanlegging

Planlegginga av behandlingsopplegget skjer på grunnlag av CT-, MR- eller PET-bilde (ofte ein kombinasjon av desse). Det området i kroppen som skal behandlast (kreftsvulsten), blir teikna inn i bilda av behandlande lege. Basert på det som blir teikna inn, blir det berekna korleis ein skal gi stråledosen for å oppnå ønskt dose til kreftsvulsten utan å samtidig gi for høge stråledosar til det friske vevet rundt og inntil kreftsvulsten. Det blir nytta ulike doseplanleggingsteknikkar for å nå dette målet. Val av behandlingsteknikk vil vere avhengig av kreftsvulsten sin storleik, form og plassering, sjukdomsutbreiing og individuell helsetilstand. I dei fleste tilfella ligg kreftsvulstane slik til at ein oppnår ønskt dosedekning til svulsten, og samtidig låg dose til det friske vevet.

IMRT

Det hender at kreftsvulsten ligg slik til at det er vanskeleg å oppnå høg nok stråledose til kreftsvulsten, og samtidig låg nok dose til det friske vevet rundt. I slike tilfelle kan behandlingsplanlegging med IMRT-teknikk (intensitetsmodulert stråleterapi) vere hensiktsmessig. Med IMRT-teknikk har ein større fridom til å optimalisere dosefordelinga ved å gi mange små feltsegment, i staden for nokre store strålefelt.

VMAT (Volumetric Modulated Arch Therapy)

VMAT er ei vidareutvikling av IMRT. Samtidig med at forma på strålefeltet blir endra, bevegar maskinhovudet seg rundt pasienten mens strålinga går føre seg. Dette gjer at strålefelta treffer kreftsvulsten endå meir presist, samtidig som stråledosen til friskt vev blir lågare. I tillegg blir behandlingstida til pasienten redusert i forhold til IMRT.

Pustestyrt strålebehandling

Det er viktig at pasienten ligg heilt stille under strålebehandlinga slik at strålane treffer nøyaktig det området som ein ønskjer å bestråle. I lungene, eller i nærleiken av lungene, vil naturleg nok svulsten bevege seg pga. pusting. For å treffe heile kreftsvulsten må ein stråle eit større område for å ta høgde for pusterørsla. Ved å kontrollere behandlinga slik at strålinga berre blir gitt i ein bestemt fase av pustesyklusen, kan storleiken på stråleområdet avgrensast. Eit anna alternativ er at pasienten held pusten under strålinga.

Stereotaksi

Stereotaksi er ein teknikk der ein strålar eit svært lite område med svært høg presisjon og høg dose. Det blir derfor stilt store krav til at pasienten ligg heilt i ro under behandlinga. Pasienten blir derfor fiksert på behandlingsbordet med spesielt utstyr tilpassa denne behandlingsteknikken. Fordi pasienten må posisjonerast svært nøyaktig, og dosene er høge, tek denne behandlinga lenger tid, men talet på behandlingar er kraftig redusert. Denne teknikken gjer det mogleg å behandle små svulstar i område med spesielt strålefølsamt, friskt vev. Stereotaksi blir blant anna nytta på enkelte lunge- og hjernesvulstar.