Kvalitet og kontroll

Tilbake

Publisert 16.01.2014, oppdatert 21.12.2018 14:50

Stikkord: Stråleterapi

Strålebehandling er ei kjede av handlingar som startar når det blir bestemt at pasienten skal ha behandling, og avslutta etter siste behandling (frå 1 til 39 behandlingar). For å sikre at strålebehandlinga blir gitt i høve til planlagd behandling, er det viktig å ha kontroll på kvart enkelt ledd i denne kjeda.

Kontroll i alle ledd. Foto: Bjørn Johnsen, DSA.

Kontroll i alle ledd. Foto: Bjørn Johnsen, DSA.

Kontroll i alle ledd i strålebehandlinga

Før behandlinga startar, skal pasienten få informasjon om behandlinga og om moglege biverknader som kan oppstå under og etter behandling. Gjennom behandlingstida blir pasienten følgd opp av stråleterapeutane på behandlingsapparatet, ansvarleg lege og medisinsk fysikar. Dei ulike profesjonane har ulike ansvarsområde, men saman utgjer dei eit team som skal sikre at pasienten får korrekt og presis strålebehandling. Etter avslutta behandling blir pasienten følgd opp (av spesialisthelsetenesta eller primærlegen), både med tanke på behandlingseffekt, og med tanke på eventuelle biverknader etter behandlinga.

Det er utarbeidd faglege tilrådingar for korleis ein skal gi strålebehandlinga (kva for pasientar, kva for behandling til kva for område og kva for stråledosar) for dei vanlegaste kreftdiagnosane og sjukdomstilstandane.

Tilrådingane er baserte på gjennomgang av nasjonale og internasjonale vitskaplege arbeid og kunnskapsoppsummeringar. Det er tilrådd, men ikkje eit krav, at norske strålebehandlingsavdelingar følgjer desse tilrådingane. Statens strålevern hjelper fagmiljøet med å arrangere kliniske revisjonar der fagfellar går gjennom og diskuterer avdelingane sin stråleterapipraksis, bruk av faglege tilrådingar, behandlingsrelaterte utfordringar og ulike løysingar.

Apparata på strålebehandlingsavdelingane blir kontrollerte dagleg for å sikre at maskinene gir den stråledosen som er forventa. Apparata har også eigne innebygde kontrollsystem for å fange opp moglege avvik. I tillegg til den daglege kontrollen blir det utført større kontrollar av apparata med jamne mellomrom. Det blir også kontrollert om faktisk stråledose som blir gitt til pasienten, samsvarer med den planlagde stråledosen for pasienten. Dei ulike sjukehusa har ulike system for slik kontroll. For kvar pasient blir det gjort ein sjekk på om han/ho ligg på same måte som då bildeopptaket for behandlingsplanlegginga blei gjennomført. Dette gjer ein ved å ta røntgenbilde av pasienten under behandlinga og samanlikne desse bilda med bilda frå behandlingsplanlegginga. Eventuelle unøyaktigheiter kan då bli korrigert.