Ekstern strålebehandling

Tilbake

Publisert 27.05.2015, oppdatert 02.03.2017 14:27

Stikkord: Stråleterapi

Ekstern strålebehandling vert gitt på eit apparat som vert kalla ein lineærakselerator. Denne maskina sender ut røntgenstråling med høg energi.

Det er viktig med riktig innstilling før behandlinga tek til.

Det er viktig med riktig innstilling før behandlinga tek til.

Generelt

Den høgenergetiske strålinga rammar kreftcellene, men strålinga vil også kunne skade normalvevet (dei cellene som ikkje er sjuke) i pasienten. Det er derfor viktig at stråledosa er høg nok til å øydelegge kreftcellene, og samstundes låg nok til å ikkje skade dei friske cellene. Dette kan vere akutte skader (tidlege effektar) eller skader som kan kome i lang tid etter behandlinga (seineffektar).

For å sikre at stråledosa til det friske vevet vert minst mogleg, vert strålefeltet forma etter forma på svulsten og med fleire ulike stråleretningar inn mot denne. Det er også viktig å unngå for høg dose til risikoorgan, som ikkje skal ha for mykje stråling (hjerte, lunger, nyrer, lever mv). Nytt behandlingsutstyr og nye behandlingsmetodar har gjort dette mogleg i større grad enn tidlegare.

Du kan lese meir om dette her.

Gjennomføring av strålebehandlinga

Fraksjonert behandling

Det er vanleg at strålebehandlinga vert gitt fordelt over fleire fraksjonar. Kor mange fraksjonar pasienten skal ha, er avhengig av diagnose, intensjonen med behandlinga og den totale stråledosen. Kvart behandlingsframmøte tek vanlegvis 15 minutt. Sjølve bestrålinga tek normalt berre eit par minutt. Under strålebehandlinga ligg pasienten åleine i behandlingsrommet.

Behandlingspersonalet fylgjer heile tida med på pasienten på ein videoskjerm. Pasienten får ein alarm som kan brukast for å få kontakt med stråleterapeutane under behandlinga.  

Presisjon i behandlinga

Det er viktig at pasienten er stilt inn akkurat slik han/ho låg då planen for bestrålinga vart laga. Det er derfor markert linjer på pasienten, som stråleterapeutane stiller inn etter. I behandlingsrommet er der laserlys, som skal falle saman med desse markeringslinjene på pasienten.

Pasienten må ligge i ro under behandlinga. For å sikre lik plassering av pasienten gjennom kvar behandling, kan det nyttast ulikt fikseringsutstyr. Omfanget av slik fiksering er avhengig av kva for område av kroppen som skal få stråling, og kva for behandlingsteknikk som vert nytta.

Det vert teke røntgenbilete før behandlingsfraksjonen startar, for kontroll av at behandlinga treff nøyaktig rett område i pasienten. 

Strålevern

Behandlingsrom

Strålinga frå lineærakseleratoren har høg energi og lang rekkevidde, og kan dermed utsette omgjevnadane for stråling. Det er viktig å minimere stråledosa til personalet. For å sikre personalet mot unødig eksponering av stråling, er derfor strålemaskina plassert inne i eit avskjerma rom. Veggar, tak og golv er bygd opp av eit tjukt lag betong som stoppar store deler av strålinga.

Stråedoser til personal

Dei som jobbar med strålebehandling, har rett til å få sin individuelle stråleeksponering fastlagt. Sjukehusa har plikt til å registrere kor mykje stråling personalet vert utsett for og se til at arbeidstakarar ikkje vert utsett for høgare stråledosar enn det som er fastsett i norsk lov.