Intern strålebehandling

Tilbake

Publisert 23.02.2017, oppdatert 21.12.2018 14:45

Stikkord: Stråleterapi

Intern behandling vert på fagspråket kalla brachyterapi. Ved slik terapi vert pasienten behandla med radioaktiv stråling.

Apparat med radioaktiv kilde for intern strålebehandling. Foto: Linda Holth Djupvik, OUS Radiumhospitalet

Apparat med radioaktiv kilde for intern strålebehandling. Foto: Linda Holth Djupvik, OUS Radiumhospitalet

Generelt

Brachyterapi vert anten gjeven som einaste behandlingsform eller i kombinasjon med ekstern bestråling. Den radioaktive kjelda vert plassert inni eller tett på kreftsvulsten. Denne behandlingsforma vert nytta der kreftsvulsten ligg i eller nær holromma i kroppen. Eksempel på tilfelle der slik type behandling vert gitt er gynekologisk kreft, kreft i spiserør og enkelte former for prostatakreft og hovud-/halskreft.

Ein av fordelane med slik brachyterapi er at ein kan gi høg stråledose akkurat der svulsten er. Stråledosa til det friske vevet omkring vil minke raskt med aukande avstand til den radioaktive kjelda. Det er ikkje alle sjukehus som tilbyr denne forma for terapi, men skulle pasienten ha nytte av slik behandling, vert han/ho sendt til sjukehus med dette tilbodet.

Dei sjukehusa som har dette tilbodet er Oslo Universitetssykehus (Oslo), Haukeland sykehus (Bergen), St.Olavs Hospital (Trondheim) og Universitetssykehuset Nord-Norge (Tromsø).

Gjennomføring av behandlinga

Dei mest vanlege radioaktive stoffa som vert nytta er Irridium-192, Cesium-137 og Jod-125. Kjeldene ligg innkapsla i eit metall, som til dømes titan. Før pasienten skal få slik bestråling, vert det lagt inn kateter som kjeldene skal førast inn i. Det er viktig å sjekke at desse katetera ligg på rett plass før ein startar behandlinga. Denne kontrollen vert gjort med CT, MR, vanleg røntgen eller ultralyd.

Lege, stråleterapeut og fysikar er med på planlegging av behandlinga, og det vert avgjort kor lenge og kor kjeldene skal ligge. Sidan dei strålekjeldene som vert nytta, er nokså sterke, treng dei ikkje liggje så lenge i pasienten før ein har nådd ønska stråledose.

Ofte får pasienten fleire behandlingar med nokre dagars mellomrom. Kor mange behandlingar pasienten får, er mellom anna avhengig av kva for kreftdiagnose det er snakk om.

Strålevern

I motsetning til maskinene som vert nytta til ekstern behandling, strålar ei radioaktiv kjelde heile tida. For å sikre at kjeldene ikkje utset omgjevnadane for unødig stråling, ligg dei inne i ein spesiell behaldar som stoppar strålinga når dei ikkje er i bruk. For å sikre seg mot unødvendig stråling, går personalet ut av behandlingsrommet under behandlinga.

Behandlingspersonalet fyl heile tida med på pasienten på ein videoskjerm. Sidan pasienten ligg i narkose under behandlinga, vert ho/han også overvaka med tanke på hjartefrekvens og pust.

Inne i behandlingsrommet et det ein alarm som står på når det vert registrert stråling i rommet (når kjelda er ute av behaldaren). Veggar, tak og golv i behandlingsrommet består av eit tjukt betonglag som stoppar strålinga. Dei som jobbar med strålebehandling er utstyrt med ein målebrikke, som registrerer kor mykje stråling dei vert utsett for. På den måten kan sjukehuset sikre at arbeidstakarar ikkje vert utsett for høgare stråledoser enn det som er tillate i følgje norsk lov.

Det er Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet som har ansvar for å lese av desse målebrikkene og sende måleresultata tilbake til sjukehusa.

Kontrollsystem

Sidan dei radioaktive kjeldene sender ut stråling heile tida, vert kjeldene svakare og svakare med tida. Det er viktig å sjekke kor sterkt kjelda stråler, slik at rett aktivitet kan leggast inn i planleggingssystemet. Kor lenge kjelda skal liggje inne i pasienten er avhengig av aktiviteten (kor mykje stråling som vert sendt ut per tidseining).

Så for at pasienten korkje skal få for høg eller for låg stråledose, må rette verdiar liggje inne i systemet. Dette vert sjekka kvar dag, og for kvar pasient.

Radioaktive kjelder må bytast ut med jamne mellomrom. Fysikar og ingeniør er med på denne prosessen, og det vert gjennomført grundige oppmålingar for å sjekke kor sterkt kjelda stråler.