Protonbehandling

Tilbake

Publisert 23.01.2018, oppdatert 23.01.2018 10:33

Stikkord: Stråleterapi

Det er per i dag ikkje nokon som tilbyr protonbehandling i Noreg, men dette er ei behandlingsform som er på trappene. Slik det er i dag, vil pasientar som klart har nytte av denne behandlingsforma, verte sendt utanlands for å få behandling.



For å forstå kva protonbehandling er og kva for fordelar denne behandlingsforma har, er det greitt å starte med litt informasjon om ordinær strålebehandling. Nærare opplysningar om slik behandling kan du finne under Ekstern strålebehandling.

Dagens strålebehandling

Når ein pasient går til strålebehandling i dag, vert denne gjeven med røntgenstrålar med svært høg energi. Vi snakkar no berre om ekstern bestråling, der protonterapi kan vere eit alternativ for somme. For kvar pasient vert det laga ein individuell behandlingsplan, spesialtilpassa den einskilde pasient.

Dette kan du lese meir om her: Individuell tilpassa strålebehandling. I denne planen prøver ein å tilpasse det området som vert bestrålt, slik at det passar med forma på kreftsvulsten. Når strålinga vert retta mot pasienten, vil det vere størst avsetting av stråledose i området som ligg ut mot huda på pasienten (maksimalnivå typisk nådd 1–2 cm inn i pasienten, avhengig av energi på strålinga). Dette er ikkje nødvendigvis gunstig dersom svulsten ligg sentralt i pasienten. Ein måte å minimere denne effekten på, er å sende stråling inn frå fleire kantar. På den måten kan ein oppnå høg stråledose der svulsten ligg, og lågare stråledose i omkringliggande vev.

Sidan strålinga skadar både kreftcellene og det friske vevet, er dette spesielt viktig å passe på dersom svulsten ligg nær inntil såkalla risikoorgan, slik som hjarte, lunger, hjernestamme og liknande. Dei ulike organa har ulik tåleevne for stråling og dersom det friske vevet vert utsett for høge stråledoser, er det ein viss sjanse for at det kan oppstå biverknadar etter behandlinga. Kva type biverknader det er snakk om, kjem an på kor store stråledoser pasienten har fått og kva organ som har fått denne stråledosen. Ein søkjer derfor å minimere dosen til det friske, omkringliggande vevet.


Protonbehandling

Proton er ein type partiklar som vi finn inne i kjernen på alle atom. Desse partiklane har andre eigenskapar enn røntgenstrålinga, som gjer at dei vekselverkar med pasienten på ein annan måte. Når ein sender inn partikkelstrålar i form av proton mot pasienten, vil det ikkje verte avsett så stor stråledose før strålinga når eit stykke inn pasienten. Kor langt strålen når før avsettinga av dose er størst, er avhengig av energien på protonstrålinga, men det kan typisk vere snakk om 10–12cm. Her inne vil det skje ei stor energiavsetning, og stråledosa til pasienten vil vere maksimal. På vegen vidare gjennom pasienten fell energiavsettinga relativt bratt mot null, og dermed vil det også verte svært lav stråledose til vevet i bakkant av svulsten. I ein stråleterapisamanheng vil ein kunne nyttiggjere seg dette mønsteret på energiavsetninga på ein god måte. Dersom svulsten ligg sentralt i pasienten, vil ein kunne gi høg stråledose der som svulsten er, og svært lite i det bakenforliggande vev. Ein kan derfor tillate å avsette høgare stråledoser akkurat der svulsten er, i motsetning til ordinær strålebehandling, som i større grad må ta omsyn til stråledosen til det friske vevet omkring svulsten.

Kven kan ha nytte av slik behandling?

Sidan føremålet med strålebehandlinga er å øydelegge kreftcellene utan at dei friske cellene får for høge stråledoser, vil det kunne vere svært gunstig å gje behandling med proton i staden for tradisjonell strålebehandling med røntgenstråling med høg energi. Ein vil kunne oppnå svært gode resultat også med den tradisjonelle strålebehandlinga, men enkelte pasientgrupper vil kunne dra nytte av protonbestråling. Dei gruppene som har vert trekt fram i denne samanhengen er til dømes strålebehandling av barn. Årsakene til dette er at barn i vekst er meir utsett for å få langtidsskadar etter strålinga. Vidare har denne pasientgruppa ei lang forventa levetid etter at dei har vorte friske av kreftsjukdomen. I følgje ein rapport utarbeida av dei regionale helseforetaka og Helsedirektoratet, viser analyser at 10-15 % av pasientane som pr i dag får strålebehandling vil kunne vere aktuelle kandidatar for å få protonbehandling. Dette svarar til om lag 1500 pasientar i året. 

Meir info: