Utslepp og avfall frå radioaktive kjelder som blir nytta i petroleumsverksemd

Tilbake

Publisert 16.01.2014, oppdatert 02.12.2015 14:45

Stikkord: Radioaktivt avfall, Utslipp og avfall

Radioaktive kjelder blir nytta i fleire samanhengar i samband med petroleumsverksemd. Når desse kjeldene ikkje lenger skal brukast, blir dei sleppte ut i sjøen eller behandla som avfall.

Kraftige kapsla kjelder blir nytta ved utføring av radiografi (undersøking av materiale og sveiseskøytar), som nivåmålarar i tankar og til undersøkingar av reservoaret ved boring av brønnar til undersøking og produksjon. Desse kjeldene skal leverast tilbake til produsenten eller leverandøren når dei ikkje lenger skal nyttast.

Undersøkingar av sporstoff (tracerundersøkingar) blir nytta til kartlegging av forhold nede i reservoara eller for kartlegging av gjennomstrøyminga av olje, gass eller produsert vatn i produksjonsutstyret nede på havbotnen eller på produksjonsinnretninga.

I nokre tilfelle blir traceren samla opp igjen og behandla som radioaktivt avfall, medan i andre tilfelle vil den følgje olje- eller gasstraumen til anlegga på land eller følgje med produsert vatn som blir sleppt ut i sjøen frå innretningane.