Stråledosar ved nukleærmedisinske undersøkingar

Tilbake

Publisert 20.01.2014, oppdatert 03.03.2017 12:45

Stikkord: Nukleærmedisin

Vanlegvis vil stråledosen til pasienten vere av nokolunde same storleik som frå ei tilsvarande vanleg røntgenundersøking eller noko mindre enn stråledosen ein får gjennom eit år frå den naturlege bakgrunnsstrålinga.

© Paco Ayala - Fotolia.com

© Paco Ayala - Fotolia.com

Ein kort periode vil radioaktiviteten halde seg i kroppen, og pasienten vil vere ei strålekjelde som det kjem litt stråling frå. Ved dei fleste undersøkingar vil likevel det aller meste av radioaktiviteten forsvinne frå kroppen det første døgnet. Erfaringa tilseier at desse pasientane ikkje er noka stor kjelde for eksponering av anna personell. Strålebelastinga for andre vil også vere svært lita.

Radiofarmaka som blir nytta ved behandling, sender ut ioniserande stråling som har ei kort rekkjevidde. Dermed reduserer ein uønskte sideeffektar og skade på nærliggande strukturar eller organ som ikkje er involverte. Dei fleste nukleærmedisinske behandlingane kan gjennomførast poliklinisk, sidan det er få biverknadar frå behandlinga, og sidan ein kan halde stråleeksponeringa til andre personar som kan komme i kontakt med pasienten, innanfor trygge grenser.

Kva skil ei nukleærmedisinsk undersøking frå ei røntgenundersøking?

Ved røntgenundersøkingar blir det sende strålar gjennom pasienten frå ei strålekjelde utanfor pasienten, medan ved nukleærmedisinske undersøkingar er det pasienten sjølv som sender ut strålar på grunn av det tilførte radioaktive stoffet.