Kva slags sjukdommar kan nukleærmedisin diagnostisere?

Tilbake

Publisert 20.01.2014, oppdatert 03.03.2017 12:44

Stikkord: Nukleærmedisin

Nukleærmedisin kan hjelpe legen med å diagnostisere sjukdommar. Svulstar, infeksjonar og andre lidingar kan bli oppdaga ved å undersøkje organfunksjon.

© Paco Ayala - Fotolia.com

© Paco Ayala - Fotolia.com

Ein kan nytte nukleærmedisin til mellom anna å analysere nyrefunksjon, til å vurdere skjelett for brot, bristar, svulstar, infeksjonar eller leddbetennelsar, til å bestemme om det er oppstått kreft og i kor stor grad, til å måle funksjonen til skjoldbruskkjertelen for å oppdage ein over- eller underaktiv kjertel, til å studere hjertet sin funksjon og blodtilstrøyming, til å undersøkje lungene for problem med pusteevne og blodgjennomstrøyming.

Kan nukleærmedisin behandle sjukdommar?

Ja, ved å tilføre svært høge aktivitetar (dosar) av ein radionuklide med eigna stråletype som blir lokalisert i målorganet, kan strålinga øydeleggje vevet der det radioaktive legemiddelet blir teke opp. Det er til dømes vanleg å behandle pasientar med for høgt stoffskifte (auka hormonproduksjon frå skjoldbruskkjertelen) med radioaktivt jod. Nukleærmedisin kan også nyttast til å behandle enkelte typar kreft, til dømes lymfom, kreft i skjoldbrukskjertelen og til å behandle smerter i skjelettet som følgje av kreft (t.d. prostatakreft).

Nokre behandlingsformer krev at pasienten blir innlagt på eit skjerma rom (isolat) eit par døgn, anten pga. sjølve prosedyren eller for å beskytte familiemedlemmer eller publikum medan pasienten er mest radioaktiv (til dømes ved behandling av kreft i skjoldbruskkjertelen).