Kva er DSA si rolle når det gjeld nukleærmedisin?

Tilbake

Publisert 20.01.2014, oppdatert 21.12.2018 10:57

Stikkord: Nukleærmedisin

I samband med nukleærmedisin gjer Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjande:

© Jezper/Shutterstock.com

© Jezper/Shutterstock.com

  • Tek imot og behandlar søknadar om godkjenning for å utøve medisinsk strålebruk med nukleærmedisin (ifølgje gjeldande strålevernføresegner skal alle verksemder som skal utøve nukleærmedisin, ha godkjenning av DSA).
  • Gjev godkjenning for medisinsk strålebruk med nukleærmedisin
  • Fører tilsyn med verksemdene som driv med nukleærmedisinske aktivitetar
  • Gjev råd og rettleiing til publikum og fagpersonell om stråledosar og strålevern i samband med nukleærmedisinsk verksemd
  • Gjev råd og rettleiing om krav til laboratorium (isotoplaboratorium) når det blir bygd nye eller ved ombygging av laboratorium
  • Gjev undervisning om strålevernføresegner og strålevern til personale (til dømes legar, radiografar, bioingeniørar) og andre som skal arbeide med nukleærmedisin