Medisinsk bruk av optisk stråling

Tilbake

Publisert 20.01.2014, oppdatert 21.12.2018 10:13

Stikkord: Laser og lys

Bruk av lys, IR- og UV-stråling i medisinsk behandling og diagnostikk er nyttig på mange område. Dei mest vanlege behandlingsformene er ulike laserkirurgiske inngrep, kosmetisk bruk av sterke kjelder, UV-behandling av psoriasis og eksem, fotodynamisk behandling av kreft, lysbehandling av gulsott hos nyfødde og bruk av blått lys i tannbehandling.

Regulert i forskrift

Medisinsk bruk av optisk stråling er regulert gjennom strålevernforskrifta. § 59 i forskrifta seier at ”behandling med ikke-ioniserende stråling i den hensikt å helbrede sykdom eller lindre symptomer skal skje etter faglig forsvarlige og dokumenterte prosedyrer”. Som ved andre medisinske prosedyrar skal bruken av optisk stråling være rettkomen og optimalisert.

Krav til kompetanse

Verksemder skal sikre at alle som installerer eller arbeider med strålekjelder, og som kan bli eksponerte for stråling, skal ha tilstrekkeleg kompetanse innan strålevern og sikker bruk av strålekjelder, måle- og verneutstyr. Ved medisinsk behandling med laser klasse 3B og 4, er det eit krav at lege er ansvarleg for behandlinga, eller tannlege ved behandling i munnhola (§ 47 i forskrifta). Vidare er det eit krav, ifølgje forskrifta § 47, at helsepersonell med særskilt opplæring i strålevern betener apparatur som blir nytta til lysbehandling.

Melding av og oversikt over strålekjelder

Dei som kjøper, bruker eller handterer laser klasse 4 eller intenst pulset lys (IPL), skal melde strålekjeldene i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) sitt meldesystem. For andre optiske kjelder blir det ikkje krevd melding, men verksemdene skal ha oversikt over sterke kjelder, som til dømes UV-lampar og lasarar klasse 3B.

Meldesystemet for strålekjelder

Internkontroll

Eigar skal utarbeide skriftlege instruksar og arbeidsprosedyrar som sikrar eit forsvarleg strålevern. Dette skal hindra at nokon kan eksponerast utover grenseverdiane.

Lysbehandling av gulsott hos nyfødde

Årsaka til gulsott hos nyfødde er at kroppen inneheld for mykje av fargestoffet bilirubin. Det er ein naturleg tilstand som vanlegvis går over av seg sjølv, men for mykje bilirubin i kroppen kan føre til hjerneskade. For å vere på den sikre sida får derfor nokre barn som har gulsott lysbehandling, også kalla fototerapi med blått lys.

Barn som gis lysbehandling får dekt auga med spesialbriller og blir lagt nakne i ei kuvøse eller under ei lampe i ei vanleg seng., og auga Virkninga av lysbehandlinga avheng av lysmengde, avstand til lampa, varigheit av stråling og type lyskjelde. Eitt eller nokre få døgns behandling er ofte tilstrekkeleg. Ein kan ta ut barnet for å amme, stelle og kose under behandlinga.

Lysbehandling gjev berre lette og forbigåande biverknadar.

Fotodynamisk behandling

Fotodynamisk behandling (PDT) er ei relativt ny form for lysbehandling som blir brukt til behandling av nokre former for kreft og forløparar til kreftutvikling i huda. Metoden kan med tida bli aktuell for behandling av bakterieinfeksjonar og andre lidingar.

Før behandling blir kroppen tilført eit stoff som gjer cellene meir følsame for synleg lys. Stoffet blir injisert i eller smurt på huda nokre timar før lysbehandlinga. Lyset som blir brukt, er ikkje så sterkt at det normalt representerer nokon helsefare. Behandlar blir likevel rådd til å bruke augevern for å unngå å bli blenda og minska risiko for forbigåande synsforstyrringar. For pasienten kan metoden nokre gonger vere smertefull, og kjøling eller lokalbedøving er ofte nødvendig. 

Laserbehandling

Laserar blir i dag nytta i mange medisinske og kosmetiske prosedyrar. I nokre tilfelle kallar behandlarane det for laserbehandling sjølv om dei eigentleg brukar andre lyskjelder som IPL eller LED. Strålevernforskrifta krev at bruk av lasarar i dei sterkaste laserklassane 3B og 4 på menneske berre skal gjerast av helsepersonell med rett kompetanse.  

Intenst pulsa lys (IPL)

Synleg lys frå lampar stråler normalt ut med nokså samanhengande og jamn styrke, men i nokre tilfelle ønskjer ein å nytte korte, intense lysglimt.

Sterke lysglimt kan nyttast til medisinsk og kosmetisk behandling av hudlidingar og til reduksjon av hårvekst fordi dei fører til rask lokal oppvarming av vevet. Slikt intenst pulsa lys (IPL) kjem frå utladingslampar. Kvart lysglimt varer nokre tusendels sekund. Styrken i lysglimta blir svært høg og kan samanliknast med det som kjem frå ein sterk laser.

UV-behandling

UV-stråling eignar seg godt til behandling av ulike hudsjukdommar som til dømes eksem og psoriasis. Dei kortbølgja UVB-strålane er som regel mest effektive.

I nokre tilfelle blir UVB- kombinert med UVA-stråling slik at ein får nytte av både UVB-strålinga sin effektive biologiske verknad og UVA-strålinga sin gode gjennomtrengingsevne av hud.  

PUVA-behandling

PUVA-behandling står for "psoralen og UVA-behandling" og har vore mykje brukt mot psoriasis. Psoralen er eit medikament som tilføres pasient før UVA-behandling og gjer pasient meir kjenslevar for UVA-stråling. Psoralen hopar seg ikkje berre opp i hudområder med psoriasis, men også i andre organer. Det er difor ein liten risiko for at pasienten kan få hudskader ved uforsiktig soling i behandlingsperioden.