UV-lampar i industri og samfunn

Tilbake

Publisert 14.01.2014, oppdatert 23.01.2015 11:10

Stikkord: Sol og UV, UVC

Bruken av kunstige UV-kjelder er i dag vanleg i både industri og samfunn. Dei fleste kjeldene er laga for å sende ut UV-stråling, medan ved nokre kjelder (til dømes i sveiseapparat) oppstår UV-strålinga som ein uønskt tilleggseffekt.

Industriell bruk av UV

UV-stråling blir blant anna nytta til reinsing av luft og vatn, herding av plastmateriale og i produksjon av mikroprosessorar. UVC drep soppsporar, bakteriar og virus på instrument og overflater blant anna i laboratorium, operasjonssalar og i næringsmiddelindustrien.

Merk at dette er ei UV-kjelde som krev særskilte vernetiltak. UVC-lampane gjev nesten ikkje frå seg noko synleg lys. Det er derfor viktig å vere klar over at UVC-nivået likevel kan vere høgt. Les Strålevernet sin rettleiar 7: Veileder for bruk av kortbølget ultrafiolett stråling (UVC)

«Blacklight»

UV-stråling er mykje brukt på teater og diskotek for å få kvitt tøy til å verke «sjølvlysande» blåleg. Til dette nyttar ein kjelder som gjev frå seg langbølgja UV-stråling (UVA), ofte kalla "blacklight". Dette lyset blir også brukt i insektfangarar og for å kontrollere om pengesetlar og betalingskort er ekte. UVA fører i mykje mindre grad enn UVB til å til at ein blir solbrent (om lag 1/1000). Dei fleste av disse kjeldene er svake, og eksponeringstida er som regel for kort til å forårsake skade.

Halogenpærer og sparepærer

Temperaturen på overflata av ei halogenpære kan bli over 500 °C. Pæra er laga av kvarts i staden for glas for å tåle den høge temperaturen. Ulempa med kvartsen er at han ikkje stoppar UV-strålane som lampen gjev frå seg. Halogenpærer som ikkje er beskytta, kan føre til overeksponering i nærleiken av pæra. Eit filter eller dekkglas vil likevel stoppe mesteparten av UV-strålinga, og det har blitt vanleg å utstyre halogenlampar med dette.

Sparepærer som består av eit snodd lysrør kan på same måte sende ut litt UV-stråling. Vi vil ikkje råde til å opphalde seg heilt inntil noka lyspære over lang tid, både fordi lyspærer kan vere varme, dei kan sprekke og fordi det er ein teoretisk sjanse for at huda får for mykje UV-stråling. Moderne sparepærer blir stadig oftare utstyrt med ei glaspære rundt slik at sparepæra liknar meir på ei gammaldags lyspære. Dette eliminerer UV-problemet heilt.

Solarium

Les temasidene våre om solarium.