Daglig beredskap

Tilbake

Publisert 18.06.2014, oppdatert 01.04.2019 09:52

Stikkord: Atomberedskap

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer utviklinga i trusselbildet og overvakar kontinuerlig radioaktivitet i miljøet for å handtere kriser best mogleg.

Trusselvurdering

DSA har fått i oppgåve å sørge for beredskap for seks ulike scenario:

  1. Stort utslepp som blir transportert med lufta til Noreg frå anlegg i utlandet
  2. Stort utslepp som blir transportert med lufta frå norske anlegg 
  3. Lokalt utslepp frå mobil kjelde (t.d utslepp frå ein atomisbrytar som seglar langs kysten) 
  4. Lokal hending som utviklar seg over tid (t.d poloniumforgiftinga av Litvinenko) 
  5. Marint utslepp (hending som gir utslepp til havet) 
  6. Hending i utlandet med konsekvensar for nordmenn eller norske interesser (t.d Fukushima-ulykka)

Ei hending vert ofte delt inn i tidleg og sein fase. Tidleg eller akutt fase, er det som skjer først.

Her kan du lese meir om trusselvurderigar:

Miljøovervaking

Radnett

Radnett er eit landsdekkjande varslingsnettverk beståande av 33 automatiserte stasjonar som målar radioaktivitet i omgivnadene. Stasjonane består av ein detektor for måling av radioaktivitet, ein nedbørssensor og ein datakommunikasjonseining som overfører informasjonen frå målesensorane til DSA. Informasjon om strålenivå på alle stasjonane er tilgjengelig på nett og finnes på radnett.nrpa.no

Nettverket blei etablert i åra etter Tsjernobyl-ulykka i 1986, og blei oppgradert og modernisert i perioden 2006–2008. Formålet med målenettverket er å gi eit tidleg varsel i tilfelle eit ukjent radioaktivt utslepp rammar Noreg. Vidare vil målingane frå nettverket vere ein viktig del av beslutningsgrunnlaget til Kriseutvalget for atomberedskap i ein tidlig fase etter eit utslepp.

Ein stasjon består av to utvendige detektorar og ein dataloggar plassert i eit skap. Detektorane er anten plasserte på ei tre meter høg mast som står på bakken, eller på bygningar. Den eine detektoren måler radioaktivitet i omgivnadene, den andre detektoren er ein nedbørssensor som registrerer om det er nedbør eller ikkje. Dette gir verdifull informasjon ved ei hending då bakken blir meir forureina av radioaktivtet når det er nedbør. Nedbørsinformasjonen er også nødvendig for å verifisere alarmar som skuldast radonutvasking.

Luftfilterstasjonane

Vi har i dag seks luftfilterstasjonar for å overvake luftmassane i Noreg. Tre av stasjonane er plassert i nord, to i sør og ein i Midt-Noreg. Filtrane i disse stasjonane samlar opp støv frå lufta i løpet av ei veke, og vert deretter analysert ved Strålevernets laboratorium. Fire av stasjonane er i tillegg utstyrt med ein detektor av same type som på radnettstasjonane som kan varsle DSA dersom radioaktiviteten på filteret vert for høg.

Stasjonane er viktige for å kartleggje radioaktivitet i luft og for å vurdere storleik på og samansetnad av utslepp ved uhell og ulykker. Tilsvarande stasjonar finst i heile Europa, og samarbeidet mellom landa gjer det mogleg å spore eventuelle utslepp av radioaktive stoff.

Alle luftfilterstasjonane har same prinsipp for å ta prøver av luft, men varierer noko i kapasitet og effektivitet. Felles for alle stasjonane er at store mengder luft blir pumpa gjennom eit spesialfilter med høg tettleik der små partiklar (aerosolar) blir fanga opp. Filteret blir skifta kvar veke og sendt til DSA sine laboratorium for analyse.

Nokre av luftfilterstasjonane er også utstyrte med eit spesialimpregnert kolfilter som tek opp radioaktivt jod i gassform. Kolfilteret blir bytta kvar månad og analysert i dei tilfella der radioaktivt jod blir påvist på partikkelfilteret, eller når ein har mistanke om at det er skjedd eit utslepp.

Miljøprøvetaking

I tillegg til dei automatiske systema og luftfilterstasjonane sankar DSA i samarbeid med Norges sopp- og nyttevekstforbund inn miljøprøvar på årleg basis og analyserar disse på DSA laboratorium. Typiske prøvar er ulike artar sopp og bær, og ved eit par tilfelle bjørneskit.

Ulike sopp- og planteartar tar opp radioaktivitet frå jord og luft i ulik grad.
Den maksimale grensa for mengde cesium-137 som er tillatt i norske matvarar er på 600 Bq/kg, med unntak av reinkjøtt kor grensa er satt til 3000 Bq/kg. For barnemat er grensa satt til 370 Bq/kg.

Sivilforsvaret sine målepunkt

Sivilforsvaret si målepatruljeteneste, radiactenesta, er ein viktig del av norsk atomberedskap bl.a. for å sikre gode referansemålingar (bakgrunnsmålingar) av radioaktivitet i omgivnadene. Patruljane inngår i den nasjonale måleberedskapen og utfører regelmessige bakgrunnsmålingar på rundt 350 faste målepunkt. Hensikta med målingane er å kartleggje normalsituasjon, og for å halde ved lag måleberedskapen.

Det er oppretta 126 patruljar på landsbasis fordelte på 20 distrikt. Dei er organiserte med éin patruljeførar, to mannskap og éin reserve. Utover dei faste regelmessige målingane blir patruljane aktivisert på førespurnad frå Kriseutvalget for atomberedskap, fylkesmennene eller dei lokale nødetatane i sivilforsvarsdistriktet.