Safeguards, ikkje-spreiing og fysisk vern

Tilbake

Publisert 21.07.2014, oppdatert 20.12.2018 14:44

Stikkord: Atomsikkerhet og kjernekraft, Safeguards, Uran, Atomreaktor

Med safeguards er det meint kontroll med nukleært materiale som blant anna kan brukast til å lage atomvåpen. Materiale som blir rekna som nukleært, er uran (både opprika, naturleg og utarma), plutonium og thorium. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik er ansvarleg for safeguards i Noreg.

Kontroll med nukleært materiale inneber oversikt over mengder og plassering av dei ulike typane av materiale for å hindre at nukleært materiale kjem på avvegar. Her er fysisk vern eit viktig tiltak. Anleggspesifikke data og kontroll av bygningar sin konstruksjon, informasjon om type aktivitetar, forsking mv. er også viktige kontrolltiltak for å verifisere at det ikkje går føre seg ikkje-deklarerte aktivitetar i eit land.  

Safeguardsinspeksjon i Noreg. Foto: Statens strålevern.

Safeguardsinspeksjon i Noreg. Foto: Statens strålevern.

Historikk

Nukleært materiale til bruk i atomvåpen blei først produsert på 1940-talet. Først ute var USA og Storbritannia, følgd av Russland, Frankrike og Kina. Denne verksemda blei halden hemmeleg på 1940-talet, men på 1950-tallet blei dette gradvis annleis. I 1953 heldt USAs president Dwight D. Eisenhower sin berømte «Atom for fred»-tale i FN, som seinare skulle føre til opprettinga av det Internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Undertegninga av ikkjespreiingsavtalen (NPT)) i 1968 utvida IAEAs kontroll med safeguards til å omfatte alle medlemsland av NPT, men med unntak for dei fem våpenstatane. Før den tid var det også kontroll med nukleært materiale, også i regi av IAEA, men i hovudsak i regi av dei største leverandørane av slikt materiale, i første rekke USA. Som ein kuriositet kan det nemnast at IAEA hadde sin aller første safeguardinspeksjon i 1962 ved inspeksjon av nulleffektsreaktoren NORA på Kjeller. Noreg var elles det første landet i verda etter kjernevåpenstatane og Canada som fekk i drift ein forskingsreaktor.

I dag er alle land som har underteikna ikkje-spreiingsavtalen underlagt IAEA safeguards, med unntak av dei fem våpenstatane som er nemnde ovanfor. Desse landa har forplikta seg til å hindre spreiing av nukleært materiale og ruste ned eksisterande kjernevåpenarsenal (gjeld våpenstatane), men har rett til å bruke kjernekraft til fredelege formål.

Framleis er det store mengder nukleært materiale som ikkje er underlagt safeguards. Dette gjeld i stor grad våpenstatane, som berre har ein liten del av sine anlegg under IAEA safeguards, og då på frivillig basis. Dei tre landa utanfor ikkje-spreiingsavtalen, Israel, India og Pakistan, har også store mengder nukleært materiale som ikkje er underlagt safeguards, bortsett frå nokre sivile anlegg.

Les meir om bakgrunn nedst på sida.

 

Nukleært materiale

Materiale som kan brukast direkte i atomvåpen:

  • Høgt opprika uran som inneheld meir enn 20 % uran-235
  • Plutonium som inneheld mindre enn 80 % Plutonium-238, dvs. mest mogleg plutonium-239
    MOX (Mixed oxide fuel) og plutonium i brukt reaktorbrensel fell inn under denne gruppa.

Materiale som indirekte kan brukast i atomvåpen:

  • Lågt opprika uran som inneheld mindre enn 20 % uran-235
  • Naturleg uran som inneheld 0,7 % uran-235
  • Utarma uran som inneheld 0,2 % uran-235
  • Thorium

Desse materiala må bli behandla vidare for å kunne produsere våpenmateriale.

 

 

Noregs forpliktingar

Ifølgje ikkje-spreiingsavtalen (5. mars 1970) har Noreg forplikta seg til å ha kontroll med kor mykje nukleært materiale som er i landet, og kor dette materialet heile tida er å finne. Gjennom kontrollavtale mellom Noreg og IAEA (1. mars 1972) er Noregs forpliktingar nærmare spesifiserte. Tilleggsprotokollen (16. mai 2000) gir IAEA betre moglegheit til å kontrollere at Noreg oppfyller forpliktingane sine i forhold til NPT, blant anna ved inspeksjonar som ikkje er melde på førehand.

IAEA utfører i dag inspeksjonar tilpassa kvart enkelt land med tanke på brenselsyklus, kva type anlegg landet har, materiale, mengde av materiale mm.

Ved å implementere Tilleggsprotokollen blei det sett strengare krav til kontroll med nukleært materiale, noko som blant anna førte til at det blei rekneskap og meldeplikt på nukleært materiale hos små brukarar. Som ein konsekvens av Tilleggsprotokollen blei forskrift om det å ha, omsette og transportere nukleært materiale og om fleirbruksvarer innført. I forskrifta blir det sette krav til at eigar/brukar skal ha oversikt over og rapportere utarma uran til Statens strålevern.

I Noreg er det meste av det nukleære materialet hos Institutt for energiteknikk (IFE) på Kjeller og i Halden. Noko er også å finne rundt om i Noreg. Dette gjeld i stor grad utarma uran brukt som skjermingsmateriale. Kontroll av nukleært materiale inneber blant anna kontroll og rekneskapsføring med uran til produksjon av ferske brenselselement, brenselselement i reaktor, brukt brensel lagra på anlegga og bitar av brensel til undersøking. Anleggspesifikke data og kontroll av bygningar sin konstruksjon, informasjon om type aktivitetar, forsking mv. er også viktige kontrolltiltak for å verifisere at det ikkje går føre seg ikkje-deklarerte aktivitetar.

Som ansvarleg for safeguards i Noreg gjennomfører DSA fleire inspeksjonar ved IFE årleg. Inspeksjonar saman med mottatt dokumentasjon ved flytting av nukleært materiale dannar grunnlaget for DSA si rapportering. DSA rapporterer jamleg til IAEA, både når det gjeld flytting av nukleært materiale mellom ulike definerte område i Noreg og Noreg sine forpliktingar i høve til tilleggsprotokollen. Årleg gjennomfører IAEA i tillegg til hovudinspeksjonen eit par umelde inspeksjonar, inkludert tilleggsinspeksjonar, av norske atomanlegg. Slike inspeksjonar kan vere oppteljing av nukleært materiale, visuell inspeksjon av anlegg, prøvetaking, verifisering av brensel og tomme posisjonar i reaktor eller lager, skifte av segl etc.

Fysisk vern

Den andre pilaren i arbeidet for kontroll av nukleært materiale er fysisk vern av materialet og dei anlegga der materialet er. Reint teknisk består dette av åtgangskontroll, overvaking, alarmanlegg og vakthald.

Internasjonalt er det inngått ein traktat på dette området, og traktaten – Konvensjonen om fysisk vern av nukleært materiale og nukleære anlegg – blei i juli 2005 utvida til å gjelde alle typar anlegg og bruk, lagring og transport av nukleært materiale. Denne endringa har ikkje tredd i kraft per 2013. Konvensjonen føreset implisitt at partane følgjer opp dei tilrådingane som IAEA gir i sine publikasjonar.

I Noreg er dette gjennomført via ei eiga forskrift frå 1984 som følgjer opp dei internasjonale tilrådingane om korleis fysisk sikring og sjølve konvensjonen bør settast i verk. IAEA utgav i 2011 NSS 13 “Nuclear Security Recommendations on Physical Protection of Nuclear Material and Nuclear facilities”, som er siste versjon av deira tilrådingar. Desse vil bli implementerte i forskriftene så snart som mogleg.

På bakgrunn av auka fokus på terror og sabotasje dei siste åra blei det ved IAEA i 2012 oppretta ein komité, Nuclear Security Guidance Committe, på linje med sikkerheitskomiteane. Det blei også etablert ein Nuclear Security Series parallelt med Nuclear Safety Series. Det blir i tillegg arbeidd med å vidareutvikle tilrådingar og rettleiarar til blant anna sikkerheitskultur, informasjonssikkerheit, innsidetrussel mm.