Stråleterapimøtet

Tilbake

Publisert 27.05.2015, oppdatert 21.12.2018 14:49

Stikkord: Stråleterapi, Stråleterapimøtet

Norsk Stråleterapimøte har vore arrangert årleg sidan 2001. Tidlegare har det vore arrangert av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet/KVIST, frå 2015 er det eit samarbeidsprosjekt med Norsk Forening for Medisinsk Fysikk, Norsk Onkologisk Forening og Norsk Radiografforbund.

Straleterapimøtet

Straleterapimøtet

Målet for møtet er å presentere teoretisk-fagleg kunnskap og oppdatering innanfor ulike emne i stråleterapi. Norsk Stråleterapimøte skal også vere ein arena for diskusjonar mellom dei ulike yrkesgruppene innan fagmiljøet. Møta er normalt ein kombinasjon av faglege presentasjonar og workshop der dei ulike sentera sine løysingar på spesifikke problemstillingar blir gått gjennom og diskutert. Ei felles fagleg forståing, i tillegg til kunnskap om dei ulike yrkesgruppene si faglege tilnærming til stråleterapi, vil kunne sikre og utvikle kvaliteten på strålebehandling i Noreg.

For meir informasjon om Stråleterapimøtet og påmelding til årets møte sjå http://kvist.nrpa.no/