Radioaktivitet i sjømat

Tilbake

Publisert 22.10.2018, oppdatert 21.12.2018 11:10

Stikkord: Radioaktivitet i miljøet, Radioaktivitet i marint miljø

Nivåa av radioaktiv forureining i fisk og skaldyr blir overvaka for å sikre at sjømaten er trygg for norske forbrukarar og forbrukarar i andre land som importerer han.

Nivå av radioaktiv forureining i sjømat

Nivåa av radioaktiv forureining i fisk og skaldyr blir overvaka for å sikre at sjømaten er trygg for norske forbrukarar og forbrukarar i andre land som importerer han. Konsentrasjonane av radioaktiv forureining i sjømat frå norske hav- og kystområde i dag er låge og inneber ikkje nokon helsefare. Grenseverdien for cesium-137 i mat er 600 Bq/kg. Verdiane i fisk er langt under dette.

Tabellen i pdf-fila under viser lågaste og høgaste målte verdi av radioaktiv forureining i sjømat, delt opp per art og havområde. Innsamlinga og analysane skjer i samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Nivåer av radioaktiv forureining i kommersielle artar og industrifisk i norske havområder (pdf)

Artane i tabellen blir oppdatert når det finnast nye data. Vi legg ut dei siste tilgjengelige måleresultata med tilhøyrande måleusikkerheit (2σ), i tillegg til kor mange prøver som er målt og samla tal på individ i prøvene der det er kjent. 

Prøvene vert for det meste tatt på forskingstokt, og artar vi har eit høgt konsum av vert prioritert. I tillegg vert det tatt prøver av andre artar for å få oversikt over nivåa både i mat og i økosystemet. For meir informasjon om programmet, data frå tidlegare år og informasjon om prøveinnsamling, opparbeiding og analysemetodar, sjå StrålevernRapport 2015:17

Overvaking av fisk og skaldyr

DSA er ansvarleg for overvaking av radioaktivitet sjømat frå norske kyst- og havområde. Dette gjer ein for å ha oversikt over tilstanden i havet, og for å kunne dokumentere at sjømaten er trygg for norske forbrukarar og for eksport til andre land.

I fisk måler vi innhaldet av menneskeskapte radioaktive stoff, som cesium-137. Vi tek prøver av både krepsdyr (til dømes krabber og reker) og blautdyr (til dømes skjell og sniglar). Innsamla prøver av skaldyr blir hovudsakleg analysert for cesium-137 og technetium-99. I utvalde prøver måler vi også polonium-210, bly-210 og radium-isotopar, som er naturleg radioaktive stoff.

Kjelder til radioaktivitet i fisk og skaldyr

Cesium-137 i havet stammar frå blant anna Tsjernobyl-ulykka og Sellafield-anlegget i Storbritannia. Technetium-99 stammar hovudsakleg frå Sellafield-anlegget. Polonium-210, bly-210 og radium finst naturleg i sjøvatn. I tillegg er det utslepp av radium frå olje- og gassindustrien.

Meir informasjon om nivåa av radioaktivitet i skaldyr og saltvassfisk i nære havområde finn du på sidene våre på Miljøstatus.no.

Nivåa varierer mellom artane

Kor mykje radioaktivitet som vert tatt opp i forskjellige dyr i havet varierer frå stoff til stoff og mellom artar. For eksempel tek hummar opp meir technetium-99 enn andre skaldyr, men nivåa i hummar er likevel lave. Blåskjel tek også generelt opp mykje polonium-210 samanlikna med mange andre artar. 

Les meir: