Utslepp og avfall

Bruk av radioaktive stoff i industri, sjukehus og forsking kan føre til at det oppstår radioaktivt avfall og utslepp av radioaktive stoff. Det kan vere i samband med vask av utstyr som har blitt brukt i forsking, eller urin frå pasientar ved nukleærmedisinsk undersøking. Radioaktive stoff finst naturleg i miljøet og i grunnen (engelsk: NORM – Naturally-Occuring Radioactive Materials) og følgjer ofte med som eit avfallsprodukt ved til dømes olje- og gassutvinning eller i gruveverksemd. Det kan vere i form av steinstøv med radioaktive stoff, eller fast stoff eller produsert vatn frå petroleumsindustrien.

Verksemder som har utslepp av radioaktivitet over ei viss grense må ha tillating frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet. Radioaktivt avfall må handterast forsvarleg, som betyr at avfallet skal sendast til nokon som har tillating til å ta imot radioaktivt avfall. Det kan også gjevast tillating til handtering av radioaktivt avfall.

DSA rettleier verksemder og fører tilsyn med verksemdene si oppfølging av tillatinga. Dette sikrar at krav frå myndigheitene blir oppfylte.