Atomsikkerheit og kjernekraft

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) fører tilsyn med sikkerheita ved norske atomanlegg: dei to forskingsreaktorane ved Kjeller nær Lillestrøm og i Halden, og avfallsdeponiet i Himdalen i Akershus. Tilsynsansvaret omfattar også tilsyn med transport av radioaktive stoff til og frå anlegga i tillegg til behandling og lagring av radioaktivt avfall.
DSA er i tillegg ansvarleg for safeguards i Noreg. Med safeguards meiner ein kontroll med nukleært materiale som blant anna kan brukast til å lage atomvåpen.