Gå rett til innhold

Utfasing av høgt anrika uran styrker global tryggleik

På verdsbasis er det dei siste tiåra gjort store framsteg i å redusere bruken av høgt anrika uran – eit materiale som kan bli brukt i atomvåpen. Målet på sikt er å fjerne behovet for høgt anrika uran for sivil bruk heilt.

Sist oppdatert: 20. mars 2026 14:09

Mann i kvit frakk og hjelm held eit måleinstrument mot ein stor gjenstand i metall.
Fjerning av brukt brensel med høgt anrika uran frå ein forskingsreaktor i Usbekistan i 2015. (Foto: Sandor Tozser / IAEA)

I 20 år har Noreg og ei rekkje andre land arbeidd for å fremme minka bruk av høgt anrika uran i verda. Målet er å sikre at kjernefysiske materialar berre blir brukt til fredelege føremål som forsking, industri og medisinsk behandling, og å redusere risikoen for terroråtak med improviserte atomvåpen. 

– Kvar kilo høgt anrika uran som blir fjerna eller gjort ubrukeleg, er ein permanent reduksjon i global atomrisiko. Å minimere mengda høgt anrika uran er ei investering i internasjonal tryggleik og stabilitet, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet (UD). 

Utfordringar står att 

Denne veka har representantar frå 20 land vore samla i Oslo for å gjere opp status for vegen vidare i dette arbeidet. Det er fjerde gong eit slikt internasjonalt symposium blir arrangert av UD og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), i samarbeid med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). Mykje har blitt gjort sidan første samling i 2006. 

Fem personar sit ved sida av kvarandre på ei scene. Storskjermar i bakgrunnen.
Paneldebatt under det internasjonale møtet i Oslo. (Foto: DSA)

Mange land har dei siste åra fasa ut høgt anrika uran i forskingsreaktorar og i produksjon av medisinske isotopar. Meir enn 100 reaktorar er allereie konvertert til å bruke lågt anrika uran som brensel eller stengt ned. Rundt 7000 kg høgt anrika uran har blitt fasa ut på verdsbasis. 

– På berre 20 år har vi sett betydelege framsteg i å erstatte høgt anrika uran med sikrare alternativ. Likevel er det avgjerande at vi held tempoet oppe, for risikoen for misbruk av kjernefysiske materialar forsvinn ikkje av seg sjølv, seier direktør Per Strand i DSA. 

Ein konklusjon frå møtet denne veka er at det ikkje er behov for høgt anrika uran i nye, sivile anlegg. Likevel er det framleis materiale att fleire stader i verda, inkludert i Noreg. Dette er for eksempel materiale med utfordrande fysiske eller kjemiske eigenskapar. For at dette skal bli handtert godt, arbeider Noreg og USA saman i eit pilotprosjekt med å etablere eit mobilt anlegg som kan blande ned uranet på ein trygg måte. 

Internasjonalt samarbeid er nøkkelen 

IAEA framhevar at global innsats har vore avgjerande for framgangen så langt, og at vidare samarbeid er heilt nødvendig. 

– Når vitskap, politisk vilje og internasjonalt samarbeid trekkjer i same retning, kan vi redusere bruken av høgt anrika uran dramatisk. Men jobben er ikkje gjort. Fredeleg bruk av atomkraft må halde fram fredeleg, seier direktør Rafael Grossi i IAEA.