Om Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), tidlegare Statens strålevern, utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utenriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

I tillegg til vårt nasjonale mandat for tryggleik, sikkerheit og sikring, har vi internasjonale oppgåver for å fremme strålevern, atomsikkerheit, kjernefysisk tryggleik, nedrustning og ikkje-spreiing.

Vi er myndighet og kompetanseorgan for atomsikkerheit, all bruk av stråling, for naturleg stråling og for radioaktiv forurensing i miljøet.

Vi leier og er sekretariat for den nasjonale atomberedskapen og er varslingspunkt for atomhendingar nasjonalt og internasjonalt.

Vi er nasjonalt referanselaboratorium for måleeining innan stråling og radioaktivitet. Vi er deltakar i Senter for radioaktivitet, mennesker og miljø (CERAD), som er et Senter for fremragende forskning. 

Ansvarsområde:

  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har ansvar for forvaltning og tilsyn av all bruk av strålekjelde i medisin, industri og forsking, og med dei to forskingsreaktorane i Noreg.
  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv.
  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik skal auke kunnskapen om førekomst, risiko og effekt av stråling. Dette gjeld mellom anna innan radioøkologi og medisinske effektar av stråling.
  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik leier, har sekretariat og operasjonslokale for den nasjonale atomberedskapen.
  • Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har standardlaboratorium for måling av stråledose og radioaktivitet.

Serviceerklæring:

  • Ringjer du Direktoratet for strålevern og atomtryggleik vil du få raskt svar. Dersom sentralbordet ikkje kan hjelpe deg direkte, vil du bli sett over til sakshandsamar. Om sakshandsamar ikkje er til stades eller umiddelbart kan hjelpe, vil du bli kontakta innan to virkedagar.
  • Sender du brev/telefaks/e-post med oppmoding om vedtak i forvaltningssaker, vil DSA svare deg innan tre veker. Du kan når som helst ta kontakt med sakshandsamar.
  • Bestilling av brosjyre og anna informasjonsmateriell kan gjerast per telefon eller e-post. Bestillinga vil bli ekspedert frå DSA innan ei veke etter at ho er motteken.
  • Bestilling i innsynssaker etter offentleglova vil bli handsama/ekspedert innan fire virkedagar etter at bestillinga er motteken.

Datapolitikk