Frå no av skal verksemder som opplever ulykker eller unormale strålehendingar i helsetenesta – hendingar som er varslingspliktige i samsvar med strålevernforskrifta § 20 – sende skriftlege meldingar til DSA gjennom melde.no, i staden for via e-post eller telefon. Melde.no er ein nasjonal portal for rapportering av uønskte hendingar i helsetenesta, der fleire aktørar som Statens helsetilsyn, Direktoratet for medisinske produkt, Mattilsynet og no også DSA er tilknytta.
Målet med å ta i bruk melde.no er å gjere det enklare og meir effektivt å varsle slike uønskte hendingar. Ved å nytte den nasjonale meldeportalen sikrar ein at alle varsel vert handsama på ein systematisk og open måte. DSA oppmodar alle verksemder dette gjeld, til å oppdatere sine interne rutinar i tråd med den nye ordninga.
For meir informasjon og fullstendige retningslinjer, sjå den oppdaterte rettleiingssida Varsling av uønskte hendingar innan medisinsk strålebruk på DSA.no. For informasjon om kva for typar hendingar som er varslingspliktige, viser vi til dei fagspesifikke rettleiarane på dsa.no.
Vi gjer merksame på at alvorlege, pågåande hendingar, skal varslast til DSA sin vakttelefon 67 16 26 00 som før.